Girl with a Pearl Earring er ikkje heilt min type film. Det er eit visuelt, dramatisk, romantisk og litt historisk opplegg. Gode ingrediensar, men gjennomført på langsamt og kjedeleg vis. Det blir for dramatisk, men utan snev av ironi.
Det som trekk mest ned er nok mangelen på det vesle ekstra som gjorde at eg fekk ei personleg tilknyting. For eksempel at temaet eller historia skulle ha interessert meg, eller at sider ved karakterane var noko eg kjente meg igjen i.
Men så er filmen vakker. Det er ingen store minus ved han heller. Det er lett og lite krevjande å ta handlinga til seg.