Elvis Presley og regissør Norman Taurog kom med denne musikalske komedien i 1962. Totalt skulle dei to samarbeide i ni filmar, noko som gjorde Norman Taurog til mannen som regisserte flest Elvis Presley-filmar.
Carpenter (Elvis Presley) er ein ung sjømann som tar med turistar på fiske. Når sjefen hans skal flytte og selje båtane, vil Ross kjøpe tilbake ei seglskute som han og faren laga. Cirka samtidig møter han Robin, ei dame Ross må bli seriøs for å vinne respekten til.
Girls! Girls! Girls! er den svakaste blant dei elleve første filmane med Elvis Presley eg har sett i skrivande stund. Det er lite god handling til å fylle tida, og det drar ut. Historia i seg sjølv er grei nok, men utføringa byr berre ein sjeldan gang på gode og underhaldande minuttar.
Musikken i filmane med Elvis Presley varierer stort. Store deler er songar som er skreddarsydd for handlinga der og då, og mange av desse songane er igjen både generiske og idefattige sånn sett. Girls! Girls! Girls! er blant verstingane på dette, men kan også by på ein av mine favorittar som er songen Return to Sender.
I forbifarten tenker eg på tre aktuelle målgrupper for Girls! Girls! Girls!: Dei som ser alle filmane med Elvis Presley, dei som har sansen for dei musikalske komediane regissert av Norman Taurog, eller dei som er fan av all musikk av Elvis Presley. For dei som er ute etter dei gode Elvis Presley-filmane er simpelt hen ikkje denne god nok.