Girls Just Want to Have Fun er ein tenåringsfilm om dansing med Sarah Jessica Parker og Helen Hunt frå 1985. Filmen har nokon få likskapar med Footloose som kom året før, men fortonar seg som ei langt meir uskyldig sak.
Janey (Sarah Jessica Parker) har akkurat flytta til Chicago med familien sin. Ho likar å danse, og ønsker å delta på ein konkurranse som dukkar opp. Men på grunn av at storbyen er ein plass full av kriminalitet i følge faren, set han ned forbod mot at ho er på dansing på kveldstid.
Filmen er ei enkel sak, i og med at det stort sett berre handlar om dansing, og ei jente som lurer seg ut utan at foreldra veit om det. Det er ingen oppvekstfilm, ingen opprørske tendensar som blir utforska. Så det bør vere lite overraskande når eg konkluderer med at dei beste sidene til filmen er gode dansenummer, og sprek 1980-tals populærmusikk. I tillegg til nærværet til Sarah Jessica Parker, som er ekte nok som entusiastisk ungdom.