
Gisaengchung
Gisaengchung er også kjent som Parasitt i Noreg. Det er ein sør-koreansk film som for min del klarar å karre seg opp på den sjeldne topprangeringsplassen.
Kort fortalt handlar det om ein fattigare stilt familie kor alle etter kvart hamnar i jobb hjå ein rik familie. Og at ting etter kvart går litt over styr.
Eg vil nødig skrive så mykje om handlinga. Trass i mykje merksemd når han kom, så unngjekk eg å fange opp kva han handla om. Og det å gå med blanke ark til Gisaengchung passa meg ganske bra.
NRK skreiv noko sånt som at dette var skarp satire, uventa plot og vill sjangerleik. Og det er ord eg lett kan vidareformidle og stå bak.
Brian Tallerico på RogerEbert.com (rogerebert.com) rosar korleis Bong Joon Ho held dei mange tone- og handlingsskifta saman utan at filmen fell frå kvarandre. Han trekker òg fram biletspråket som ein viktig del av klasseskildringa. Det er ein god måte å utdjupe begeistringa på utan å røpe vendingane. Her fungerer både overraskingane og det som ligg under dei.
