- Filmdagbok

Gisaengchung

Gisaengchung er også kjent som Parasitt i Noreg. Det er ein sør-koreansk film som for min del klarar å karre seg opp på den sjeldne topprangeringsplassen.

Kort fortalt handlar det om ein fattigare stilt familie kor alle etter kvart hamnar i jobb hjå ein rik familie. Og at ting etter kvart går litt over styr.

Eg vil nødig skrive så mykje om handlinga. Trass i mykje merksemd når han kom, så unngjekk eg å fange opp kva han handla om. Og det å gå med blanke ark til Gisaengchung passa meg ganske bra.

NRK skreiv noko sånt som at dette var skarp satire, uventa plot og vill sjangerleik. Og det er ord eg lett kan vidareformidle og stå bak.