Gladiator - Filmdagbok

Gladiator 2000

Ein av dei beste filmane om Romerriket dei siste åra er Gladiator av Ridley Scott. Han handlar om ein romersk general som etter ein maktkamp blir fordømt, mistar familien og blir tatt til fange.

Endestasjonen hans ser ut til å skulle bli som gladiator. Men ein indre styrke i han gjer at han igjen ser moglegheita til å hevde seg, og til å hemne sine tap.

Dette er ein to og ein halv time lang film som på flott vis miksar noko romersk historikk med god slåsting og ein solid karakter som kan bere filmen. Russell Crowe er i sitt ess som generalen som blir gladiator, og får fram eit brutalt ytre der han må.

Det er verdt å nemna at eg også har stor interesse for romersk historie. Og om det skulle vere delvis oppdikta, er det uansett ein interessant tidsperiode å sette kvar og ei historie til. Både visuelt og mentalt.