Hopp til hovedinnhold
Plakat for Gloria Bell (2019)

Gloria Bell

Film
3

Gloria Bell (Julianne Moore) står i sentrum i filmen Gloria Bell. Filmen fortel ein bit av livet til ei fråskilt kvinne og mor til vaksne barn, som ser ut til å leve eit heilt vanleg liv.

Eg visste ikkje på førehand at dette skulle vere ein sopass nedtona og enkel film, og blei kanskje litt skuffa over at Gloria Bell aldri tok av eller hadde ei historie om å komme seg vidare til noko nytt i livet. Hadde eg vist det så hadde eg nok i større grad akseptert dette som den enkle historia ho er. Men det er min feil.

Det kvardagslege blir sjølve styrken for Ella Walken på The Simple Cinephile (thesimplecinephile939631772.wordpress.com). Ho les filmen som ei utviklingshistorie om ei middelaldrande kvinne, og meiner det truverdige skodespelet til Julianne Moore gjer det lett å leve seg inn i henne. Eg fekk ikkje den same sterke opplevinga. Men dette perspektivet gir god meining til ein film som ikkje prøver å vere storslagen.

I hovudtrekk handlar filmen om Gloria sitt forhold til familie, og gå ut på byen og møte menn. Utan å gjere eit nummer ut av det. Ein kveld på byen møter ho den hyggelege Arnold som ho innleiar eit forhold til. Men dei to klaffar ikkje heilt i lag.

Det er ikkje så mykje meir å seie enn det. Det er litt artig og filmen set i blant søkelyset på nokre utfordringar eller realitetar ved at to vaksne som har hatt eigne familiar møtes. Og korleis det kan utarte seg.