Hopp til hovedinnhold
Plakat for Glory (1989)

Glory

Film
4

Matthew Broderick passar godt som den vesle pysa som ufrivillig blir påkledd helterolla etter eit slag under den amerikanske borgarkrigen. Når nordstatane planlegg å starte ei afroamerikansk avdeling ser han si plikt å fylle litt ekte helt i soldatstøvlane.

Glory er ein moderne, historisk storfilm, og det ein god ein. Han er verken særleg overraskande eller, utan å legge dempar på innhaldet, særleg sjokkerande. Han står ikkje fram som ei sterk stemme i debatten om rasediskriminering. Men det er ein solid borgarkrigsfilm med god stemning, sterke rollefigurar, flotte krigsscener og ei fin skildring av forholda. Pluss han er lett å leve seg inn i.

Rollefigurane er også avgjerande for begeistringa på A Life in Equinox (univarn.blogspot.com). Omtalen framhevar at sjølv dei beste soldatane har feil, og at samspelet mellom Matthew Broderick og Denzel Washington gir filmen eit sterkt kjenslemessig sentrum. Skribenten er langt meir overvelda enn eg er, men set ord på noko av det som gjer dette til ein god krigsfilm for meg. Dei store scenene har menneske me kan leve oss inn i.