Glory - Filmdagbok

Glory 1989

Matthew Broderick passar godt som den vesle pysa som ufrivillig blir påkledd helterolla etter eit slag under den amerikanske borgarkrigen. Når nordstatane planlegg å starte ei afroamerikansk avdeling ser han si plikt å fylle litt ekte helt i soldatstøvlane.

Glory er ein moderne, historisk storfilm, og det ein god ein. Han er verken særleg overraskande eller, utan å legge dempar på innhaldet, særleg sjokkerande. Den står ikkje fram som ei sterk stemme i rasediskrimingeringsdebatt, men er ein solid borgarkrigfilm, med god stemning, sterke rollefigurar, flotte krigsscener og ei fin skildring av forholda. Pluss han er lett å leve seg inn i.