Sportsfilm for meg er ein film som byggjer opp mot ein stor kamp på slutten. Det er oftast ein kamp, men kjem heilt an på sporten. Det kan gjerne vere den siste kampen, og ein viktig ein, som det er vinn er forsvinn i, men det er ein kamp.
Goal! er litt ulik frå denne oppbygginga, likevel om han har kjente element frå typiske sportsdrama. Eg seier ikkje nødvendigvis at Goal! er eit prakteksempel på korleis ein god sportsfilm bør vere, men han er iallfall godt på veg. Og spør du meg om kva filmen er, når han ikkje er ei kjenslebombe som tar lufta ut av deg, så vil eg sei det er eit betre bilde på ein situasjon som kunne ha funne stad, og det gjer filmen meir sjåverdig.
Det at ikkje alle handlingane til fotballstjerna og hovudpersonen vår får katastrofale følger, gjer at eg kan kjenne meg litt meir igjen, og tenker at Santiago Munez også er eit menneske som kan sleppe unna.
Når eg seier at dette ikkje er eit prakteksempel er det fordi eg meir trua på ei tragedie enn på det som skjer her, med at han lykkast. Men det er ofte det filmar handlar om, unntaka, dei spesielle tilfella, som at han her er ein ekstraordinær og god fotballspelar. Men for all del, dette er ikkje bortkasta tid, tvert i mot, eit godt tilskot i sjangeren sportsfilm. Eg ser fram til neste film i serien.