
Gojira: kessen kidô zôshoku toshi
I likskap med Godzilla: Monster Planet så møter menneska i denne Godzilla, men ein langt farlegare ein. Oddsen er liten for å vinne mot ein nær 100 meter høg skapning.
Animasjonen i filmen er god og handlinga er passe interessant. Historia hang saman og det går bra heilt fram til slutten, som er opplagt i å skulle legge det opp til ein oppfølgar. Så ikkje forvent ein slutt her.
Chris Ready på Disaster Year 20XX (disasteryear20xx.blogspot.com) rosar dei sterke fargane og dei vakre digitale bileta, men meiner karakterane blir for stive til å vekke interesse. Han er òg mindre nøgd med actionen. Eg opplever historia som meir samanhengande og passe interessant. Bileta er me samde om, sjølv om dei for hans del ikkje er nok til å gi filmen kraft.
Elles er dette ein fin teiknefilm som er å finne på Netflix. På engelsk heiter filmen Godzilla 2: City on the Edge of Battle.
