Goldfinger - Filmdagbok

Goldfinger 1964

Ein ting eg har lagt merke til i dei fire første James Bond-filmane er ein tendens til å ut av det blå føle trongen til å køyre ting i rask kino, noko som verka både billeg og unaturleg. Andre stader er det brukt kreativ klipping, ein variant eg er meir for, men det beste er jo sjølvsagt å få servert gode, lange takingar. Her er vel prislappen og teknologien ein viktig faktor.

Frå den noko upassande måten å opne mine ord om Goldfinger på, kritisk, hoppar eg rett på sak: Dette er ein god film. Handlinga sit som støypt, litt enkelt er det, men det tar ikkje inn vatn over hovudet, planane til skurken blir gradvis avslørt, og før den tid er det nok av spionleiking og anstrengde møter mellom James Bond og ulike kriminelt involverte. Så kjem sjølvsagt alle kvinnemøta i tillegg, det er jo ikkje å legge skjul på at Goldfinger er gjennomført på den måten heller.

Q får si mest fullkomne framsyning hittil ved presentasjonen av det som kanskje er blant dei mest kjente James Bond-bilane, ein Aston Martin DB5, som er ein vakker liten sak fullpakka av teknologi og våpen. Alle desse bitane gjer at Goldfinger av mange blir kalla den definerande James Bond-filmen, der dei fleste kjenneteikna for resten av serien er på plass i lag.

Dessutan får me servert ein flott opningsmelodi som fenger umiddelbart, eg kosar meg. Karakteren er lik den eg gav til Dr. No, men er litt betre. På ei anna side tykkjer eg at filmane er passe ulike til at det blir litt problematisk å vurdere dei på same skala. Dei er begge underhaldande, begge på James Bond vis, men likevel på ulike måte. Slik blir det også med Goldfinger mot den neste i rekka, Thunderball, som igjen rører seg litt til sides. Slik det skal vere.