Gone with the Wind - Filmdagbok

Gone with the Wind 1939

Han har blitt kalla prototypen på ein blockbuster og stod på topp på Oscar-fronten med åtte prisar i 20 år. Han skal visstnok vere filmen med mest selde billettar i USA og ligg på dei fleste prestisjetunge topplistene. Gone with the Wind har definitivt sett sine spor i filmhistoria.

På grunn av lengda er ikkje dette ein film som eg kan sette meg ned med ein kva som helst dag. Eg måtte like greit dele han på midten og ta delen etter midtpausen dagen etter, noko som kan ha verka inn i positiv eller negativ retning, men når eg lét meg forføre til dei grader eg gjorde så spelar ikkje dette noko rolle.

Gone with the Wind fortel historia om den rike og bortskjemte sørstatsjenta Scarlett O'Hara (Vivien Leigh), som veks opp til å bli ei kvinne under den amerikanske borgarkrigen. Filma i nydelege Technicolor med sterke, klare farger og sylskarpt bilde i denne samanhengen. Historia som blir fortalt over mange år er eit drama av ypparste slag. Ho involverer veldig mykje kjærleik kombinert med kjærleik, sett tidvis i eit krigsprega miljø som blir forsterka av kjensla av at det er håplaust.

Grunnen til at dette gjekk vel i hamn hjå meg var nok at eg er ein sucker etter drama med sterke karakterar. Gjerne pene karakterar, og helst med ei form for kjærleikshistorie knytt til, iallfall når det er snakk om ein film som dette. At det finst mykje dårleg på område er ikkje til å komme utanom, men eg skal ikkje dryge meir på det her. Eg blei aldri dratt helt inn i handlinga på den måten som kjenneteiknar dei ultimate filmopplevingane, men hang godt med heile vegen og tykte det var ei interessant historie som blei fortalt.