Hopp til hovedinnhold
Plakat for Good Morning, Vietnam (1987)

Good Morning, Vietnam

Film
3

US Armed Services Radio får ein ny DJ som irriterer på seg befalet, men blir elska av styrkane. Det som gjer Good Morning, Vietnam bra er DJ-en si smarte omgåing av reglar og opprør mot eit hinsides befalsapparat. Om nokon skulle passe som DJ er det Robin Williams. At filmen heller ikkje unngår det blodige alvoret i Vietnam og stiller seg kritisk til både forsvar av og angrep på militær sensur er positivt.

Likevel så er filmen kjedeleg, masete, han blir for prega av det store bilde framfor små genialitetar, og er difor også føreseieleg på ein mindre god måte.

Blandinga av komikk og krigsalvor grip sterkare tak i Chris Cummings på The Cinephiliacs (thecinephiliacs.wordpress.com). Han meiner humoren ikkje svekker dei kjensleladda scenene, og at Robin Williams held filmen levande også ved gjensyn. Eg set også pris på hovudrolla og på at alvoret får plass. Men dette blir ikkje nok til å halde maset og føreseielegheita unna, og heilskapen engasjerer meg langt mindre.