Hopp til hovedinnhold
Plakat for GoodFellas (1990)

GoodFellas

Film
4

Det er mykje å seie om Goodfellas, og mykje har blitt sagt av andre. Det eg likte med filmen er korleis han bygger opp to verkelegheiter.

Du ser og høyrer om alle andre som har det gøy, brukar pengar med glede og nyt makta dei har. Du høyrer karakteren til Ray Liotta som skildrar gleda i livet dei levde.

På same tid presenterer filmen scener frå dette livet som viser baksida av medaljen. Mange gangsterfilmar er som dette. Dei viser den sjarmerande kulturen med folk som feirar si eiga viktige rolle, kultur basert på respekt, tradisjon og hierarki. Men det har eit kriminelt grunnlag, og handlar om folk som tar seg til rette i livet til andre, og det fell derfor saman.

Korleis filmen får oss til å bry oss om desse folka, blir framheva av MovieRob på Tranquil Dreams (klling.wordpress.com). Han meiner Martin Scorsese gjer karakterane lette å like trass i alt det fæle dei gjer. Det passar godt med dei to verkelegheitene eg opplever. Me blir trekte inn i gleda, medan filmen samstundes viser kva ho kostar andre.

Dette leikar filmen seg rundt med, og viser begge sider av medaljen frå byrjinga av. Men etter kvart som historia går framover, opplever me gradvis å sjå mindre til den positive sida, og meir til den negative. Sjølv om den positive aldri forsvinn heilt.