
Gran Torino
Clint Eastwood vippar opp pistolen og ei streng maske i denne filmen frå 2008 som han sjølv har regissert.
Historia til filmen har sitt utspring i at ein ungdom og nabo prøver å stele bilen til Walt, karakteren spelt av Clint Eastwood. Dette er ein 1972 Gran Torino i god stand, for Walt er ein old school fyr som tar vare på eigedommane sine.
Walt tar på seg oppgåva med å reformere ungdommen, og blir med dette dratt inn i liva og problema til familien til ungdommen. Med i dette følger eit anstrengt forhold til ein gjeng. Etter kvart som filmen går sin gang får me større og større innsikt i ein karakter som er langt meir enn ein gammal mann. Walt er ein tøffing av typen me har sett Clint Eastwood spele så mange gonger før, og det er ein fryd å sjå dette utfalde seg. Spesielt sidan det i så stor grad handlar om å verne om sin eigedom.
Den gjenkjennelege tøffingen er også det som held filmen oppe for Jake Cole på Not Just Movies (armchairc.blogspot.com). Han finn mykje føreseieleg og fleire svake biroller, men meiner Clint Eastwood får oss til å rette merksemda mot Walt og dei langsamt veksande vennskapa. Det er nettopp den gradvise opninga av figuren eg har glede av. Den strenge maska er velkjend, men blir meir interessant når andre menneske etter kvart kjem innanfor henne.
