Gravity - Filmdagbok

Gravity 2013

Gravity er ein intens, spennande og enkel science fiction og thriller. Handlinga er lagt til verdsrommet og eit oppdrag som går skikkeleg i dass. Romskipet til Sandra Bullock og George Clooney blir øydelagt, og ein kamp som krev kløkt byrjar.

Overdriving er ordet eg vil bruke for å skildre det meste som skjer i Gravity. Men innanfor realistiske rammer. Eller for å konkretisere, realismen til filmen. På film handlar det om å formidle noko på ein måte som gjer det truverdig. Som at dette kunne ha skjedd, om enn usannsynlig. Dette gjeld både i dei villaste fantasifilmane til dei mest jordnære og sanningsbaserte.

Her handlar det heile vegen om spenning og liv som heng i tynne trådar. Gravity klokkar inn på mi favorittlengde på ein og ein halv time. På denne tida blir ikkje tid kasta vekk, og det blir lite tid til unødvendig fyll.