
Great Expectations
Etter førre møte med David Lean, i form av Brief Encounter, hadde eg ikkje dei høgaste forventingane til Great Expectations. Men denne adapsjonen av romanen til Charles Dickens blei til ei betre filmoppleving. Ei nokolunde lik kjensle som dukkar opp når eg ser dei gode filmversjonane av A Christmas Carol kom til overflata her, og eg blei som arbeidsklasseguten i filmen soge inn i ei rikare verd.
Reint bortsett frå ein slutt som betyr lite er ingenting forhasta, filmen lykkast med ei oppstykka historie og mistar aldri fokus på den sentrale karakteren i utforskingane i fleire tidsrom og ulike kjennskap.
Det er vegen gjennom historia som tel mest på TSorensen 1001 Movie Blog (tsorensen1001.blogspot.com). Også der er det tvil om kor tilfredsstillande trådane blir samla til slutt, medan dei merkelege personane rundt Pip gjer sjølve reisa underhaldande. Det ligg nær mi oppleving. Slutten betyr mindre når David Lean får dei ulike møta og miljøa til å halde interessa oppe undervegs.
