Great Expectations - Filmdagbok

Great Expectations 1998

I denne adapsjonen av Charles Dickens er handlinga lagt til nyare tid enn den opphavlege historia, og har sine eigne variantar av deler av ho.

Ethan Hawke spelar ein ung mann som får moglegheiter han berre kunne ha drøymt om, då eit brev med instruksar om at midlar står til råde for å oppfylle draumane hans ein dag blir overlevert til han.

Siden barndommen av har karakteren til Ethan Hawke vore laust knytt til ein rikare familie på heimstaden. Han har også vore forelska i ei jente viss vaksne karakter blir spelt av Gwyneth Paltrow. Ei forelsking som han tidleg blir åtvara mot.

Det er karakterane og skjebnane i filmen, og deira forsøk på å verna seg bak trygge val som gjer dette til ei dynamisk forteljing. Det er vanskeleg å setje ord på det, men dette verkar meir som basert på eit manus skrive for film, enn ein filmadapsjon av ei bok. Noko som eigentleg berre seier at det er gjort ein god jobb her.

Om eg hadde filmatiseringa av Great Expectations av David Lean friskare i minne skulle eg gjerne gjort ei samanlikning. Basert på rangeringa er desse begge to vel verdt å sjå.