Greenberg - Filmdagbok

Greenberg 2010

I Greenberg er det Ben Stiller sin tur til å bli seriøs og miserabel. Ei rolle me for så vidt kjenner han igjen frå The Royal Tenenbaums, som òg var komisk ladd.

Som med det andre av Noah Baumbach er det eit drama der komedien kjem snikande i andre rekke, og som med dei andre filmane hans forsvinn dei sterkaste kjenslene i dette møte.

Filmen er aldri kjedeleg. Han fengjer og held meg oppmerksam, men likevel sit eg ikkje igjen med så mykje som eg skulle ønske. Kritikk til side, Ben Stiller og den kvinnelege hovudrolla i filmen, Greta Gerwig, har ein fin og klumsete kjemi.