Coach Carter, Finding Forrester, Gridiron Gang. Tre filmar med fengjande titlar, som alle handlar om svart ungdom som blir gitt ein sjanse. I vårt tilfelle er det snakk om Gridiron Gang, som føyer seg inn i denne korte og sikkert ufullstendige rekka av filmar som gir ei god kjensle.
Camp Kilpatrick, LA, USA. Senter for ungdom i trøbbel, ei blanding mellom eit fengsel og ein leir. Utgangspunktet for historia om ei gruppe unge menn som saman vil forme Kilpatrick Mustangs, eit amerikansk fotballag. Dwayne Johnson spela trenaren Porter som kjem på ideen om å starte eit slikt lag i forsøk på å gi nokon av dei innsette ein grunn til betra liva sine.
Oppskrifta, basert på sanning eller ikkje, er brukt i massevis før. Faktumet at Gridiron Gang er ein av dei med rot i verkelegheita gjer ikkje noko frå eller til, filmen må til sjuande og sist kunne stå på eigne bein. Her går det heldigvis bra, sett bort frå små detaljar her og der, og at filmen spelar for mykje på sympati for den unge gruppa, så gjorde han eit inntrykk.
Dwayne Johnson, i fleste tilfelle kjent som The Rock, viser seg frå ei uvant side når han spelar rolla som forbilde og autoritet framfor rein muskelmann, i ei hovudrolle gjennom ein heil film. Han har meir å hente, spesielt ved å bruke utstrålinga si, men dommen er positiv.
Eg kjem ikkje unna bodskapen til ein film av denne typen. Det lyser gjennom at om du prøver hardt og verkeleg vil, så kan du utrette noko. Inntrykket eg sit igjen med er difor eit godt eit, filmen klarte også å røre litt på det mest alvorlege, nydeleg!