Grindhouse er dei to filmane Death Proof og Planet Terror. Den opphavlege planen til Quentin Tarantino og Robert Rodriguez var at desse skulle bli vist etter kvarandre. Dei lykkast ikkje helt med å trekke publikum til ein så lang og uvant sak, og enda opp med å dele dele dei opp.
Eg har skrive om filmane kvar for seg, men oppsummerer likevel mine meiningar her.
Death Proof handlar kort sagt om pene damer og ville stunt, men dei som kjenner Quentin Tarantino veit at det også vil vere mykje god dialog her. Eg har rangert filmen 4/5. Les meir om Death Proof.
Planet Terror handlar om eit virus som blir spreidd og gjer folk til zombiar. Dei som ikkje blir zombiar er i eige av store mengder våpen, gjerne semiautomatiske. Bland inn ein dose militære, pene damer og eksplosjonar med trykk i, så er det i gang. Eg har rangert filmen 5/5. Les meir om Planet Terror.