Grosse Pointe Black er i og for seg ein ganske så grei film. John Cusack passar godt inn i rolla som leigemordar. Trass i romantikk og humor, filmen er aldri for søt. Han går heller godt i retninga av å vere ein svart komedie, nokon han prøver på.
Kva er det da som går feil? Litt vanskeleg å sette fingeren på, men han kjennest for enkel. Ikkje tolk meg feil, eg er glad han ikkje prøver å vere spesielt smart. Tingen er at Martin Blank, rollefiguren til John Cusack, aldri støyter på nokon verkeleg alvorlege problem der eg ventar i spenning på resultatet.
Men der har du meg og forventingar, i leigemordersamanheng har eg nok eit anna bilde på film, likevel om det er snakk om komedie. Heldigvis kjeda eg meg aldri i Grosse Pointe Blank. Det er nokon fine og enkle skytescener, der lydsporet trekk litt ned dessverre, som driv det vesle av spenning som er. Men mest står og går det heile på sjølvironien til Martin Blank eller mangel på kjensler til det å ta liv.