
Growing Up and Other Lies
Ein vennegjeng i New York møtest ein siste gong før Jake (Josh Lawson) flyttar frå byen. Han har fått nok av å slite seg gjennom kvardagen som kunstnar, og traktar tilbake til heimstaden i Ohio.
Målet for dette siste møtet er å gå Manhattan på langs, ein tur dei gjorde mange år i forvegen. Growing Up and Other Lies handlar om denne turen, samtalane dei gjer og møta dei har. Det er på sin plass at det skjer både mimring og at usagde saker kjem til overflata.
Konseptuelt er dette tøft og inspirerande. I tida etter eg såg filmen har eg tenkt mykje på å gjere det same, å gå Manhattan på langs. Utover dette er ikkje filmen det heilt store. Han har ikkje evna til å komme godt nok under huda på karakterane sine, og eg bryr meg lite om det dei snakkar om, eller kva som vil skje med dei.
Anthony Salveggi på Paste (pastemagazine.com) meiner filmen etter kvart finn noko meir attkjenneleg bak den barnlege oppførselen. Han får eit visst inntrykk av kva vennskapen betyr for dei. Der kjem eg kortare. Turen inspirerer meg, men praten får meg ikkje til å bry meg nok om dei som går han.
Sånn sett er det vanskeleg å seie om Growing Up and Other Lies er verdt tida. Som inspirasjon er han det, men som underhaldning er han ikkje.
