Hopp til hovedinnhold
Plakat for Grown Ups (2010)

Grown Ups

Film
2

Før eg legg ut om misnøya eg opparbeidde for Grown Ups etter kvart som han utfolda seg, viser eg til kinoplakaten. Ein film der definisjonen på gøy er fem vaksne menn i ei vannsklie, set ikkje høge mål for seg sjølv.

No var det aldri kinoplakaten, men filmtraileren som gjorde meg oppmerksam på Grown Ups. Eg burde uansett visst betre, då ein filmtrailer er eit medium eg ikkje har sett mi lit til på mange år. Likevel blei eg forført, og deretter valdteken. Men kinoplakaten er ei passande skildring av innhaldet.

Forsøka til filmen på humor bommar gang etter gang, og sender Grown Ups av garde til den allereie overfylte bossplassen med dårlege komediar.

At dette skal vere ein familiekomedie, forsvarar på ingen måte vala som har blitt tekne. For med ei rekke av erfarne Hollywood-stjerner i hovudrollene er dette ein film som er like mykje meint å appellere til foreldre som til barn.

Det er i grunn liten vits i å dvele meir ved filmen. Han har eit par morosame scener, men er elles godt under middels.

Thomas James Mitchell på Thomas James Mitchell (thomasjamesmitchell.wordpress.com) finn den lette komedien eg håpa på. Han meiner kjemien mellom dei fem venene fungerer straks, og at dei barnslege påfunna gir stadig fleire grunnar til å smile. For meg er det nettopp her filmen sviktar. At skodespelarane kjenner kvarandre og verkar å ha det kjekt, er ikkje nok når så få av vitsane når fram til meg.