Grumpy Old Men - Filmdagbok

Grumpy Old Men 1993

Ein film av den stemningsfulle, morosame og koselege typen som passar perfekt når det nærmar seg jul. Eit snødekt småbymiljø der folk kjenner kvarandre. Der tida gir inntrykk av å stå stille. Jack Lemmon og Walter Matthau er eit radarpar frå gammalt av, og i nok eit møte går dei i nervane på kvarandre.

Som to naboar som ikkje akkurat er dei beste vennene i verda frå før, kjem dei mindre overeins når ei enke flytter inn over gata og begge enkemennene blir forelska. Angrep mot kvarandre og respektive eigedommar blir trappa ekstra opp når ein lenge pågåande krangel får ny grunn til å holde på. Utover blir ei meir alvorleg historia bretta ut. Kampen dei i mellom, som består av artige skøyarstrekar, blir trappa opp og meir enn ein roten fisk dukkar opp i baksetet på ein bil undervegs.

Grumpy Old Men er ein lun og varm komedie med underliggande drama og må takast for det enkle han er. Han byr ikkje på den største spenninga og ausar i blant over av sentimentalitet, men det går heim. Til ein mørk kveld i desember der eg ønskar vinterstemning med ein liten porsjon jul til er han absolutt ikkje å fornekte.