
Habitación en Roma
Habitación en Roma er ein erotisk film med mykje hud og lite historie. Filmen heiter Room in Rome på engelsk.
To kvinner møtes tilfeldig i Roma, flyttar seg til eit rom, og lærer kvarande å kjenne intimt.
Det av historie og framdrift som er, er ikkje noko å skryte av. Det er kjedeleg og meiningslaust, men så er det mest ei unnskyldning for å vise mjukporno.
Kvinnene er pene, og det er stort sett alt. Eg anar at desse kunne ha gjort ein betre jobb med karakterane sine, om filmskaparen la til rette for det. Men utover det er det ikkje til å legge skjul på at filmen har ei einaste oppgåve, nemleg å tirre.
Jason Ihle finn også ei svak forteljing bak dei pene bileta på Mostly Movies (movielistmania.blogspot.com). Han meiner dei løyndomsfulle historiene kvinnene fortel, verkar påtvinga, og at symbolikken prøver å gi filmen meir tyngd enn han klarar å bere. Det liknar problemet eg sit att med. Forsøka på djupn gir ikkje personane nok liv til at møtet blir interessant utover det erotiske.
