
Hachi: A Dog's Tale
Hachi: A Dog's Tale handlar om ein mann og en hund, eller ein hund og ein mann. Alt ettersom.
Ein mann finn ein hund på ein togstasjon og tar han med heim, inntil han kan finne eigaren. Han og familien endar opp med å behalde hunden til slutt. Ettersom det er snakk om rasen akita er det ein lynande intelligent og lojal hund, og mannen og hunden knyter tette band.
Filmen handlar stort sett om dette, og det på ein nydeleg måte. Etter kvar blir me introdusert for enkelte nye vendingar, utan at eg skal gå innpå det spesifikke. Desse er til fordel for filmen, ein film som då allereie har markert seg som ein film som gir skikkeleg god kjensle.
Å spele ope på kjenslene treng ikkje vere eit problem når det blir gjort så godt, meiner Christopher Lloyd på Captain Critic (captaincritic.blogspot.com). Han ser dei tydelege grepa for å røre publikum, men opplever at banda mellom hunden og menneska tek over merksemda. Det stemmer godt med mi eiga oppleving. Den enkle historia får kraft fordi nærleiken er bygd opp lenge før filmen ber om dei store kjenslene.
Dette er blant dei ypparste filmane til Lasse Hallström hittil, og ei klar anbefaling om du har sansen for gode drama eller hundar.
