Eg kan aldri hugse å ha sett særleg mange filmar når eg var barn, men Haakon Haakonsen såg eg og hugsa både innhald og tittel på. Det var ein film som gjorde sterkt inntrykk. Han vekka eventyrlysta og var utruleg spennande og eg følte han traff meg som ein god film skal gjere.
Problemet med slike filmar så lenge etter, er å bestemme seg for om ein skal våge seg i gang med å sjå dei igjen. Det hender like ofte at slike gjensyn skuffar, som at du oppdagar at filmen faktisk hadde kvalitetar.
Når det kjem til Haakon Haakonsen har eg forutan dei gongene eg har sett tittelen eller høyrt han nemnt, aldri tenkt meir på om eg skal sjå han i ettertid. Det var når eg fann han i hylla på universitetsbiblioteket eg faktisk tenkte på gjensyn i heile tatt. Det tok meg ikkje mange sekundane før eg avgjorde at eg skulle gi han ein sjanse.
Dette norske guteeventyret handlar om unge Håkon som i staden til faren må bli han i familien som får inntekt, og han blir dermed hyra som dekksgut på eit skip. Skipet som først legg til land i London skal seinare over på andre sida av jordkloten, til dei meir eksotiske strøk. Det var berre å glede seg allereie.
I London lurer ein pirat seg om bord under dekke av å vere ein britisk løytnant som skal guide dei trygt nedover. Piraten er spelt av godaste Gabriel Byrne. Det luktar mytteri og temperaturen om bord vil definitivt stige etter kvart som skipet kryssar stadig fleire lengdegrader på veg sør.
Boka Haakon Haakonsen høyrer til blant ein type litterære verk som går under nemninga robinsonade. Sidan filmen er som boka er det naturleg å trekke parallellane til Robinson Crusoe, når både Håkon og andre driv i land på ei aude øy. Det er ikkje snakk om same isolasjonen her. I Haakon Haakonsen tar ikkje ting så lang tid. Filmen kan vere vel så alvorleg for det, piratane blir framstilt som sleske og nådelause. Her er det nok av våpenbruk og hard straff. Og forgifting finst også.
Om Nils Gaup sin film er det rett og slett nok positivt å uttrykke. Det er ikkje før eg ser på det aller viktigaste, korleis spenninga i eventyret fungerer, at eg blir skuffa. No har eg tidlegare uttrykt ståstaden i mitt syn på vurdering av film. Eg gjer vurderinga uavhengig av kva eventuelle andre målgrupper ville måtte tykkje om filmen. Haakon Haakonsen når ikkje opp, eg synst det blir for enkelt. Eg likte filmen endå betre som barn. At barn i dag sikkert vil ha glede av han hjelp ikkje meg noko.