Eg skal sjå alle Halloween-filmane, så eit gjensyn med den første var på sin plass. Det som fungerer med Halloween er at han ser på seg sjølv som eit seriøst skrekkfilmbidrag, og det smittar over på meg under visninga.
Halloween er blitt eit ikon innan grøssarsjangeren etter at han kom ut og gjorde stor suksess i 1978. Med eit budsjett på knappe 325 000 amerikanske dollar skapte John Carpenter ein film som ikkje berre tente inn 47 millionar på box office, men som òg har blitt inspirasjon for ei lang rekke slasher-filmar i ettertid.
Mange idear til filmen kjem frå Psycho av Alfred Hitchcock. Både med tanke på måten Michael Myers blir framstilt som voyeur i kamerabruken, uvissheita rundt det som faktisk skjer, mykje er overlate til fantasien her, og den minimalistiske bruken av blod og gørr. Det reddar filmen i mine auge.
Michael Myers, drapsmannen her, rømmer frå eit sinnssjukehus. I tankane sine har han berre ein ting: Drap. Eller har han meir? Det er ikkje lett å forstå motivet til mannen i maska, nok ein del av filmen som blir overlate til fantasien. Laurie (Jamie Lee Curtis) er den uskyldige barnevakta som hamnar på radaren til Myers.
Musikksporet som med hard klimpring på piano trykk på nervane gjennom heile filmen er med på å skape ei ekkel stemning som eg sakna i nyare grøssarar (frå statane), likevel om det er svært lite som skjer før slutten nærmar seg.
Eg har med dette prøvd å danne eit grovt bilde av kva slags type film dette er, og kva som kan bli forventa. Det er ein film som er lett å like, sjølv om den ikkje når opp til The Thing av John Carpenter, om eg så skulle velja. Halloween er òg ein viktig referansefilm til seinare slasher-filmar.
Filmen spelar meir på frykta for det ukjente. For publikum tar det lang tid før me får sjå Michael Myers, og det er er imponerande lite blod og drap. Sjølv om filmen er føreseieleg i oppbygginga og aldri vil bli nominert for Oscar for godt skodespel, er det ein habil time og ein halv han resulterer i. Men han er kanskje litt langsam.