Halloween 5: The Revenge of Michael Myers - Filmdagbok

Halloween 5: The Revenge of Michael Myers 1989

Halloween 5 vil bli hugsa for rekordmange gjentakingar av namnet Tina, og ei tynn historie som famnar om ei telepatisk kopling mellom Michael Myers og niesa hans. Dr. Sam Loomis byrjar så altfor tydeleg å bli gammal, og har gått meir over til å bli ein parodi på seg sjølv enn godt er. Halloween 5 er ikkje spesielt god, og vil fort bli gløymt.

Der Halloween 4 hadde ein overraskande slutt klarar ikkje oppfølgjaren å følge opp. Det endar opp med å bli ei håplaus jakt på Michael Myers som både varer lenge og er langt frå spennande. Tommel ned.