Hopp til hovedinnhold
Plakat for Halloween: The Curse of Michael Myers (1995)

Halloween: The Curse of Michael Myers

Film
2

Den sjette Halloween-filmen manglar alt av spenningsoppbygging, her er det nedslakting i full fart. Det er i mellom drapa det skal skje bra ting, men her er det mangel på stader å bruke godord. Paul Rudd er på sitt mest anonyme. Forsøket på å samle i hop trådane frå dei førre filmane er det mest minneverdige ved filmen, men det blir påtatt og tamt.

Donald Pleasence leverer nok ein parodi på sin tidlegare Dr. Sam Loomis, og det ein dårleg parodi. Dessverre døydde Donald Pleasence under produksjonen. Altså er dette nok ein film det går an å hoppe over for ikkje spesielt interesserte.

Jo meir Michael Myers blir forklart, desto mindre interessant kan han bli. Kevin Lyons på The EOFFTV Review (eofftvreview.wordpress.com) finn også forsøket på å binde saman historia forvirrande og meiningslaust. Han meiner bakgrunnsstoffet tek oss vekk frå den gåtefulle figuren i den første filmen. Det treff godt mi kjensle av at trådane blir samla på ein påtatt måte. Fleire svar gir ikkje automatisk meir spenning mellom drapa.