Hopp til hovedinnhold
Plakat for Hamilton (2020)

Hamilton

Film
4

Med sine to timar og 40 minuttar så er Hamilton eit omfattande prosjekt å sjå. Det går i eit med song, og det krever sitt å få med seg alt innhaldet i songane. Eg opplever det som litt einsidig, men tykker den fortalte historia står stødig nok til å gjere totalopplevinga ganske god. Som filmatisering av eit sceneshow er dette bra laga.

Christopher Grum på The Rest of the Moose (chrisgrum.wordpress.com) er særleg begeistra for korleis kameraet viser scena frå vinklar ein ikkje får frå salen. Han trekker fram både nærbilete og opptak ovanfrå, som gir lyssettinga og koreografien meir plass. Det nyanserer inntrykket mitt av ei rein attgiving av publikumsopplevinga. Filmversjonen bevarer sceneshowet, men brukar også kameraet til å vise meir av det.