Den mest usannsynlige helten i Amerika, Woody Allen, stod på programmet i dag. Mitt eige spontane filmprogram altså. Hannah and Her Sisters er eit romantisk drama og komedie frå midten av 1980-talet.
Filmen gir ingen overraskingar i form av oppbygginga. Det framstår som eit hakk nærare Hollywood enn Crimes and Misdemeanors gjer med sine vriar og vendingar. Ikkje stygt meint altså, Hannah and Her Sisters er ein god film. Den kviler nok meir på filosofiske spørsmål, høgkultur og søken etter meining i livet enn den nemnde kriminalvendinga til Crimes and Misdemeanors.
Å komme utanom Woody Allen er det derimot ikkje mogleg å gjere, han dukkar som i fleirtalet av filmane sine opp i ei rolle, men ikkje hovudrolla, den har vel Michael Caine ære å vere i. Eg er ikkje så kjent med denne mannen si fortid, men helst med dei siste filmane han har gjort. Og rollene hans der uttrykker eg ingen spesiell begeistring for. Her er mannen derimot velplassert i ei god rolle som den usikre og utru Elliot, gift med Hannah frå filmtittelen.
For å gå vidare til nettopp filmtittelen, som klart seier i frå kva som bind filmen saman, så må eg sei eg er takknemleg for den rett fram måten Woody Allen gir oss samanhengen på. For når du veit dette frå utgangspunktet tar ikkje løysinga av trådar fokuset vekk frå alle diskusjonane, kjenslene og litteraturen.
Eg likte filmen. Tempoet sleit litt på tolmodet mitt i starten, og eg brukte litt tid på å sette meg tilbake og sette pris på filmen. Ein film som ikkje hadde den same dramatikken som eg opplevde i Crimes and Misdemeanors. Han er derimot meir interessant på samtalar, og likevel om eg droppa ut på dei fleste nemningane av namn, så kan eg like engasjementet.