Ein band med tre kriminelle herjar. Då dei drar forbi ein ranch, drep dei mannen og valdtek kvinna. Kvinna er spelt av Raquel Welch, og bestemmer seg for å ta hemn. For å gjere det treng ho å lære og handtere våpen.
Ho møter på ein dusørjeger, og blir med han til Mexico for å få laga ein pistol som passar ho.
Hannie Caulder er namnet på kvinna og på filmen. Med ei speletid på 1 time og 25 minuttar er han ikkje spesielt lang. Med ei straumlinjeforma handling passar det godt. Her er det ingen avstikkarar på vegen.
Filmen har alt frå nedturen som blir motivasjonen til hemn, treninga for å kunne handtere ein pistol, og eit klimaks mot slutten av filmen. Det er ikkje noko som overraskar, men eg forventar heller ikkje dette. Det eg håpa på var gode skytescener og ei lettfatteleg historie som gav meining og kunne motivere.
Det er ting eg saknar og ting eg ikkje likar. Eg kunne tenke meg skurkar som ikkje ropte alle replikkane sine, men eg har ingen problem med at dei framstår som dumme. Stephen Boyd dukkar opp i ei rolle som aldri blir forklart. Her kunne eg tenke meg ei forklaring, men mystikken gjer meg også nysgjerrig.
Når alt kjem til alt så fekk eg meir ut av Hannie Caulder enn eg trudde på førehand. Western er ein av dei sjangrane som du frå gammalt av kan møte på sterke kvinner. Eg har ikkje sett så mange av dei endå, og blir stadig overraska over dette. Men det er noko eg set pris på.