
Håp
Den norske filmen Håp handlar om ei kvinne med kreft, og korleis dette påverkar henne og familien hennar. Det er eit personleg og passe lågmælt drama, med Andrea Bræin Hovig i spissen, godt støtta av Stellan Skarsgård.
Det er ei kjenslemessig berg- og dalbane for hovudrolleinnhavaren. Som i tida rundt jul får oppleve å ikkje vite kva som vil skje, men at det er alvorleg. Og sterke medisinar forsterkar dette.
Alex Heeney på Seventh Row (seventh-row.com) legg særleg vekt på kor ulikt dei to reagerer på diagnosen, og korleis sjukdommen opnar gamle spenningar i forholdet. Ho meiner Andrea Bræin Hovig og Stellan Skarsgård gjer det truverdig at desse menneska har bygd ein familie saman. Eg er mindre begeistra for heilskapen, men dette samspelet gir det lågmælte dramaet tyngd.
Det er ein film til ettertanke. God, men ikkje ekstraordinær.
