Den norske filmen Håp handlar om ei kvinne med kreft, og korleis dette påverkar henne og familien hennar. Det er eit personleg og passe lågmælt drama, med Andrea Bræin Hovig i spissen – godt støtta av Stellan Skarsgård.
Det er ei kjenslemessig berg- og dalbane for hovudrolleinnhavaren. Som i tida rundt jul får oppleve å ikkje vite kva som vil skje, men at det er alvorleg. Og sterke medisinar forsterkar dette.
Det er ein film til ettertanke. God, men ikkje ekstraordinær.