Hopp til hovedinnhold
Plakat for Happiness (1998)

Happiness

Film
3

Eg må ærleg innrømme at eg ikkje likte denne filmen i heile tatt. Han var rett nok anbefalt her og der, og han har gode skodespelarar som Philip Seymour Hoffman og Lara Flynn Boyle, men han er for ekkel, dårleg og rar.

Dette kan ha ein del med pedofili og valdtekt å gjere som er tematikken her. Eit ubehageleg tema. Alt i alt gjorde dette så stort inntrykk i filmen, at eg vel å sjå vekk i frå alt det andre.

Skribenten på Miss Media Junkie (missmediajunkie.blogspot.com) meiner mykje av komikken kjem frå møtet mellom lystige heimemiljø, søt musikk og svært ubehageleg innhald. Ho finn noko menneskeleg i figurane etter kvart, men forstår også at filmen ikkje vil fungere for alle. Eg kjem aldri forbi ubehaget på same måte. Når det tek så stor plass i opplevinga, blir dei gode skodespelarane og dei eventuelle nyansane vanskelege å få noko glede av.