Happy Christmas - Filmdagbok

Happy Christmas 2014

Joe Swanberg regisserte den flotte komedien Drinking Buddies, men bommar delvis med Happy Christmas. Ein film om stunda etter eit avslutta forhold, eller årsaka til at forholdet blei avslutta, eller noko anna. Filmen er uklar på det meste, og prøver seg som eit realistisk utdrag frå det vanlege livet til nokon folk.

Forsøket er dårleg. Det skjer lite frå første minutt. Karakterane er umiddelbart uinteressante. Då passar det heller ikkje at filmen er uklar på årsakene til livssituasjonen til Jenny (Anna Kendrick). Kvifor flyttar ho etter endt forhold inn i kjellar til broren, i ein annan by?

Det er heller ikkje lagt opp til at me som publikum skal føle sympati for nokon av karakterane. Jenny fordi ho er usmakeleg, men mest av alt kjedeleg. Og dei andre fordi dei er like kjedelege og ikkje har personlegdom eller personlege trekk som er verdt å sjå opp til eller følge med på.

Der Drinking Buddies hadde spenning i interessante forhold, og miljø og jobbar som passa godt til karakterane, prøver Happy Christmas i beste fall på å skildre eit dystert bilde av håplause Jenny utan fornuftige eller realistiske refleksjonar.

Filmen har eit par lyspunkt i form av den filmatiske stilen sin, tilsynelatande ekte kulisser og sånt. Men er elles bortkasta tid.