Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 1 - Filmdagbok

Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 1 2010

Det er klart for det siste året til Harry Potter (Daniel Radcliffe) på Hogwarts School for Witchcraft and Wizardry. Men på grunn av den aukande styrka og makta til den vonde trollmannen Voldemort (Ralph Fiennes), og kollapsen til Ministry of Magics, så blir Harry, Ron (Rupert Grint) og Hermione (Emma Watson) hindra til å gå.

Dei legg heller ut på leit etter Horcruxes, som er gjenstandar med deler av sjela til Voldemort i seg. Ved å øydelegga desse vil Voldemort bli svekka, og han vil bli lettare å kjempe mot.

Denne første delen av dei to filmane som fortel siste kapittel i historia om Harry Potter, går eit i eit med flukt frå mørke makter, håplaus og slitsam tilvære, død og øydeleggingar. Det er den mørkaste av alle Harry Potter-filmane. Men oppi alt det mørke er det heldigvis like mykje karakterbygging, relasjonsbygging, drama og lun humor, som det er større actionscener.

Sett i samanheng med Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 2 er dette ei lang og komplett, men ikkje for dryg forteljing. Som film på eigne bein derimot er ikkje dette i toppsjiktet. Filmen byggjer opp, men ventar gjerne til andre del før utbyttet blir levert. Så vurdert som ei sjølvstendig historie sluttar det litt for brått.