Hopp til hovedinnhold
Plakat for Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 2 (2011)

Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 2

Film
4

Åttande og siste film om Harry Potter er den forrykande og spennande andre delen basert på boka Harry Potter and the Deathly Hallows. Første del bygde opp til noko stort, og andre del bygg vidare og leverer klimakset.

Filmen har det meste: Romantikk, komedie og spenning. Glede, sorg, kjærleik og død. Harry (Daniel Radcliffe), Ron (Rupert Grint) og Hermione (Emma Watson) held fram leitinga etter Voldemort (Ralph Fiennes) sine Horcruxes, hans bortgøymte gjenstandar som rommar delar av sjela hans. I mens herjar Voldermot og hans Death Eaters både i den magiske verda og i den menneskelege verda, og dei er alle på jakt etter Harry.

Sjølv om eg har lese bøkene og sett filmane før, fungerer spenninga framleis godt. Filmforteljinga får fram risikoen og spenninga på effektiv måte. Meir enn ein tråd får si avslutting, og det er gjort på tilfredsstillande vis. Harry Potter-filmane har alltid vore artige og blitt fortalt på lett vis, men har ikkje snodd seg unna seriøse vendingar og tragiske utfall. Innslag av død og tap i miljøet rundt dei er blant grepa som er med på å gjere risikoen større for Harry og vennene.

Som avslutting gir filmen også Kate Stuart på A Writer Reviews (ksreviewsblog.wordpress.com) mykje av det ho ventar på, men ho meiner historia står svakt på eigne bein. Alle dei små møta med kjende personar gir fansen noko, samstundes som dei bremsar framdrifta. Eg er meir nøgd med denne delen av heilskapen. Etter å ha følgt filmane i samanheng opplever eg dei mange avrundingane som tilfredsstillande, og risikoen held spenninga oppe sjølv om utfallet er kjent.

Frå start til slutt i dette gjensynet med alle Harry Potter-filmane har eg likt alle filmane godt. Sannsynlegvis betre enn tidlegare. Som ein filmserie er dette fullkome. Ikkje perfekt, men alt det nødvendige er på plass. Ingen filmar er meiningslause. Ei ny verd blir utforska og fortalt om i mange gode historier undervegs.

Anbefalt.