Hopp til hovedinnhold
Plakat for Harry Potter and the Order of the Phoenix (2007)

Harry Potter and the Order of the Phoenix

Film
4

Harry Potter and the Order of the Phoenix er den femte filmen om den unge og blivande trollmannen Harry Potter. Mitt førre møte med filmen var prega av at eg tykte at boka var litt langdryg, men gjensynet med filmen blei sett med eit meir distansert syn til boka og difor sett større pris på.

Dette er nok den hittil dystraste filmen. Situasjonen til Harry er håplaus, ettersom få vil tru han når han seier at den vonde trollmannen Voldemort er tilbake. Dette gjer at Harry møter motstand i mange ledd. I tillegg ligg det an til eit skuleår prega av at forferdelege personar tar over Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry og endrar all undervisning, innfører meiningslaust strenge reglar og på sett og vis tar fridomen frå mange studentar.

Trass i å vere dyster har filmen også lyse sider, og tar verdig over etter førre film si gode behandling av dei boblande kjenslene mellom karakterane.

Desse to sidene ved filmen er dei mest framståande og gjer Harry Potter and the Order of the Phoenix til eit godt kapittel mellom større hendingar. Det er mange ulike episodar og desse i kronologien til Harry Potter-filmane i heilskap som utgjer filmen. Mens ein større og samlande tråd lik Triwizard Tournament i Harry Potter and the Goblet of Fire er fråverande.

Eit gjensyn gav motsett utslag for Kate Stuart på A Writer Reviews (ksreviewsblog.wordpress.com). Ho saknar betre plass til fleire av personane og meiner filmen ofte forklarer kjensler og samanhengar for tydeleg. Eg opplever det meir positivt når filmen får litt avstand til boka. Dei ulike episodane og det mørkare skulemiljøet gir meg eit godt kapittel i den større historia, sjølv utan ei like samlande ytre handling som før.

Dei førre filmane har gradvis ført filmserien i ei vaksnare og mørkare retning. Harry Potter and the Order of the Phoenix tar det siste nødvendige steget. Her er kulturelt forfall, politisk fornekting og inkompetanse, i tillegg til sterkare kjensler. Det bygger opp under trusselen frå følgeskaren til Voldemort.