Harry Potter and the Order of the Phoenix - Filmdagbok

Harry Potter and the Order of the Phoenix 2007

Harry Potter and the Order of the Phoenix er den femte filmen om den unge og blivande trollmannen Harry Potter. Mitt førre møte med filmen var prega av at eg tykte at boka var litt langdryg, men gjensynet med filmen blei sett med eit meir distansert syn til boka og difor sett større pris på.

Dette er nok den hittil dystraste filmen. Situasjonen til Harry er håplaus, ettersom få vil tru han når han seier at den vonde trollmannen Voldemort er tilbake. Dette gjer at Harry møter motstand i mange ledd. I tillegg ligg det an til eit skuleår prega av at forferdelege personar tar over Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry og endrar all undervisning, innfører meiningslaust strenge reglar og på sett og vis tar fridomen frå mange studentar.

Trass i å vere dyster har filmen også lyse sider, og tar verdig over etter førre film si gode behandling av dei boblande kjenslene mellom karakterane.

Desse to sidene ved filmen er dei mest framståande og gjer Harry Potter and the Order of the Phoenix til eit godt kapittel mellom større hendingar. Det er mange ulike episodar og desse i kronologien til Harry Potter-filmane i heilskap som utgjer filmen. Mens ein større og samlande tråd lik Triwizard Tournament i Harry Potter and the Goblet of Fire er fråverande.

Sjølv om dei førre filmane gradvis har vore med på å ta filmserien til det vaksnare og mørkare, er det Harry Potter and the Order of the Phoenix sitt kulturelle forfall, politiske fornekting og inkompetanse, og sterkare kjensler, som er med på å ta siste og nødvendige steg mot trusselen som følgeskaren til Voldemort blir.