Hopp til hovedinnhold
Plakat for Harry Potter and the Philosopher's Stone (2001)

Harry Potter and the Philosopher's Stone

Film
3

Harry Potter and the Philosopher's Stone er den første av åtte Harry Potter-filmar, basert på bokserien til J.K. Rowling. Om den 11 år gamle guten Harry, som har det forferdeleg der han bur i lag med ei tante, ein onkel og ein fæl fetter.

I denne første filmen tilhøyrande Wizarding World-universet og Harry Potter-filmane, som kom ut over ein periode på ti år, blir me med Harry då han startar på Hogwarts School for Witchcraft and Wizardry. Han lærer at han har magiske evner, får nye venner, og møter for første gang trusselen som er Voldemort, ein mektig og vond trollmann som tidlegare prøvde å ta over med sin vonde trolldom.

Historia i Harry Potter and the Philosopher's Stone handlar om så mangt, frå introduksjon til Harry sitt møte med ballsporten quidditch. Mysteriet rundt ein magisk stein er alltid eit underliggande element, den raude tråden i filmen, og ramma for det alvorlege høgdepunktet som må komme.

Filmen er spennande og rik på innhald og detaljar, men samtidig lett å følge med på. To og ein halv time går i grunn fort. I lys av at dette var eit gjensyn med filmen, så har han kanskje heva seg eit hakk. Ettersom eg ikkje ser ut til å bry meg om at verken animasjon eller enkelte masker er litt enkle lenger.

Det er filmen som eit eventyrleg innblikk i ei oppdikta verd eg set mest pris på. I lag med at filmen har ein god flyt, ein fin tone og humor, og fargerike karakterar. Det er også lett å sympatisere med heltane i filmen, som gjer dramatikken dugeleg.

Også David Bjerre på The Single-Minded Movie Blog (singlemindedmovieblog.blogspot.com) fekk meir ut av filmen ved eit gjensyn. Han meiner mykje er ei lang innføring i universet, men at tempoet og mengda av oppdagingar held det oppe. Eg er nok meir begeistra for resultatet. Å bli kjend med denne verda er i seg sjølv mykje av gleda, så lenge tonen, personane og den underliggande historia fungerer så godt saman.