Med den tredje Harry Potter-filmen blei det gjort eit byte av regissør frå førre. Alfonso Cuarón tok over etter Chris Columbus som hadde hatt regien i Harry Potter and the Sorcerer’s Stone og Harry Potter and the Chamber of Secrets.
Med regissørbyte og overgangen til tredje året på Hogwarts School of Witchcraft and Wizardry for Harry (Daniel Radcliffe), Ron (Rupert Grint) og Hermione (Emma Watson), tar filmserien for seg eit lite skifte mot det mørkare og meir vaksne alvoret. Innsatsen og farane blir større, og det resulterer i endå meir spenning. Framleis har filmen plass og tid til humor og lettare innhald, men større deler av filmen er via til eit større hendingsforløp.
Filmen gjer ein god jobb i å underhalda, samtidig som oppbygginga er både spenstig og enkel nok til å gripe på forståeleg vis. Totalt sett har filmen ei historie som er verdig ein film, men avsluttingsvis oppnår filmen like fullt å framstå som ein del av ei vidare historie. I større grad enn med dei to første filmane blir interessa vekka for dei kommande filmane.
Stilendringa mot det mørkare var både i tida og passande til utviklinga til bøkene, og til karakterane sine møter mot mørkare og mektigare makter. Vidare i serien ser eg fram mot endå større og meir alvorlege utfordringar, og etter kvart som karakterane blir eldre, meir komedie og drama med utgangspunkt i kjensler dei utvikla og forholdet dei har til kvarande.