Hopp til hovedinnhold
Plakat for Harvey (1950)

Harvey

Film
3

Det høyres kanskje rart ut, men eg tykker ofte det blir slitsamt med komediar frå denne tidsepoken. Grunnen til dette er dei komiske situasjonane som oppstår ofte har sitt opphav i at dei som er med ikkje får fullført setningane sine.

Det betyr ikkje at eg mislikar alle filmane, og Harvey er ein av dei som eg tykker er meir enn akseptabel. Det som gjer dette for meg er snev av fantasi og ein veldig god rolleprestasjon av James Stewart. Det er nesten imponerande å sjå korleis karakteren Elwood P. Dowd får alle rundt seg til å føle seg lagt merke til og inkludert.

James Stewart får også mykje av æra på Hamlette’s Soliloquy (hamlette.blogspot.com). Skribenten trekker fram at han spelar Elwood heilt oppriktig, utan å blunke til publikum for å markere kor underleg mannen er. Det er eit godt poeng. Varmen kjem av at me får møte han på hans eigne premissar. For meg gjer nettopp denne opne og inkluderande haldninga at filmen held seg over irritasjonen eg elles kan kjenne med slike komediar.