I denne perla frå 1985 følger me ein nytilsett i eit stort selskap, der alt som skjer og blir gjort frå sida til filmen er parodiering og humorisering av typiske negative framstillingar av store selskap.
Vår helt er spelt av Judge Reinhold, som utelukkande får ein jobb på grunn av at faren er senator. Selskapet han får jobb i, INC, er eit fullstendig kaos av idiotiske avgjersler, stadige forfremmingar av inkompetente personar, sjølvmord, arbeidspress, og ein haug med små detaljar som gjer dette fornøyeleg.
Regissør og manusforfattar Ken Finkleman stod også bak Airplane II: The Sequel, for å gi eit bilde av kva slags type humor du kan forvente av Head Office. Sett som ei samling av stykkvise innslag, så er dette artig, men filmen har ein svak raud tråd, og engasjerer ikkje stort i si handling.