Headshot - Filmdagbok

Headshot 2011

Eg blei observant på Pen-Ek Ratanaruang som regissør under visninga av Ploy på Kosmorama i 2008. Ploy var ein behageleg, men alvorleg film som eg likte, men som eg hadde problem med å sette ord på.

Eg følgde opp med eit par filmar til som bidrog til at eg har hatt Pen-Ek Ratanaruang i tankane sidan den gongen.

Det som fekk meg til å ta opp igjen regissøren var Headshot. Ein film som handlar om politimannen Tul (Nopachai Chaiyanam) som blir leigemordar. Tul blir skoten i hovudet og ser deretter alt opp ned.

Pen-Ek Ratanaruang tar tida til hjelp. Han køyrer på låggir gjennom store deler av filmen, men skrur takten opp under dei utprega actionscenene. Hopping fram og tilbake i tid gjer han utan store annonseringar. Det verkar forvirrande eit par gonger, men går snart opp at det betyr lite å vite kor på tidslinja me er. Pen-Ek Ratanaruang fortel det han vil når han tykkjer det er på tide å fortelje det.

Eg legg altså ikkje skjul på at eg synst filmen fungerer. Både på låggir og høggir. Det er ein snev av mørk humor på toppen, eller så er det min mørke humoristiske sans.