Hopp til hovedinnhold
Plakat for Heaven Can Wait (1978)

Heaven Can Wait

Film
4

Warren Beatty gir liv til Joe Pendleton, ein godhjarta og litt naiv fotballspelar som plutseleg dør. Men ikkje forsvinn heilt likevel.

Her får både me fantasi, romantikk og lun humor. Warren Beatty viser seg frå si gode side. Han treff rolla si på kornet.

Manus er stramt og velforma. Det blir ikkje for mange klisjear.

Ei perle av ein eldre film, som framleis held seg god. Ein film som byr på både latter og kan vise sentimentale sider.

Warren Beatty får òg ros for å samle delane til ein likandes film på Andy’s Film Blog (filmreviewsnsuch.blogspot.com). Skribenten finn lite originalitet, men synest det velprøvde stoffet framleis gir god underhaldning. Eg er endå meir begeistra for resultatet. Det er ikkje alltid eit nytt påfunn eg treng, når fantasi, romantikk og humor blir sette saman så fint som her.