Hector and the Search for Happiness - Filmdagbok

Hector and the Search for Happiness 2014

Ein psykolog lev eit tilsynelatande komfortabelt liv, då han ein dag blir gjort oppmerksam på at han kanskje ikkje er lykkeleg, berre tilfreds.

Denne ideen er som eit frø som blir planta. Først liten, men han veks. Hector som psykologen heiter, seier til sin kjærast og samboar at han ønsker å ta ein tur til utlandet på ubestemt tid for å få innsikt i kva det vil sei å vere lykkeleg.

Og slik legg Hector ut på sin søken etter lykke. Det skal vere ein artig, fargerik og i tillegg lærerik tur. Både for han og for oss som ser på. Eg sit mest med filmen The Secret Life of Walter Mitty i tankane når eg ser dette, og tykkjer ikkje at det strekk til i store deler av filmen.

Det er først under innspurten Hector and the Search for Happiness verkeleg går seg til. Då Hector er på veg tilbake til USA kan eg røpe. I dei siste minuttane får me nokon verkelege fine augneblinkar, og Rosamund Pike som dessverre berre har ei lita birolle ved sidan av Simon Pegg får først her vise kor dyktig ho er.

Hector and the Search for Happiness er nok ein gjennomsnittleg film å gløyme, som eg eigentleg ikkje hadde tenkt å sjå, og fekk stadfesta mine aningar om.